Log inSign up free
  • Home
  • Profile
  • Jobs
    • Applications
    • Career
    • Resume
    • Cover letters
  • Content
    • Posts
    • Media
  • Messages
  • Analytics
    • Overview
    • Pages
  • Portfolio
  • More tools
    • Hiring
  • Settings
All jobs
NONorconsult logo

Norconsult

Førde, Norway

Miljørådgiver i Sogn og Fjordane.

Vil du bli med i eit av dei største miljøfaglege rådgjevarnettverka i landet? Norconsult er den største rådgjevaren i Norge innanfor plan, arkitektur, landskap og samferdsel, og dekkar alle fagområda som er naudsynte for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette anlegg, frå idé til realisering. Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Florø, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med omlag 90 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Norconsult er leiande på miljøkompetanse i Norge og har over 100 personar som arbeider fast med ulike miljørelaterte problemstillingar innan fagområde som forureina grunn, miljøovervaking, marint miljø, hydrogeologi, miljøgeologi, miljøkjemi, miljø i bygg, miljøoppfølging og miljøstyring. I tillegg forbetrar vi dagleg vår eigen kompetanse innan berekraft i prosjekt gjennom våre interne grøne rettleiarar og berekraftskoordinatorar. Vi har fagkompetanse på fleire kontor i Norge og utlandet, og samarbeider tett i fagnettverk beståande av høgt kvalifiserte miljøfaglege rådgivarar. Vi ønskjer å styrke oss med fleire miljørådgjevar i Sogn og Fjordane. Spesielt ser vi etter kandidatar som har utdanning innan miljø- og ressursfag, miljøforvaltning, hydrogeologi, toksikologi, marinbiologi, eller liknande miljøretta fag, samt erfaring innan fagområda forureina grunn, vassmiljø (økologisk og kjemisk tilstand), marint naturmangfald, miljøoppfølging i bygge- og anleggsprosjekt. I tillegg er vi også interessert i kandidatar med kunnskap innan modelleringsverktøy, BREEAM, klimagassutrekningar, LCA og berekraft (f.eks. berekraftig massehandtering eller EUs taksonomi). Vi ser etter deg som har interesse i å bidra til at Norconsults ivaretek miljøet på ein god måte i oppdraga våre. Du vil jobbe i tett samarbeid med vårt faglege landsdekkande fagnettverk, der vi utvekslar fagleg kunnskap, arbeidsmetodar og verktøy på tvers av kontor i organisasjonen. Som kompetansedelingstiltak vert det mellom anna arrangert fagseminar og Teams-konferansar om utvalde tema. Vi har varierte oppgåver, og gode karrieremoglegheiter innan faget. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei erfaring. Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/ Vil du vite meir om kva moglegheiter du har med nokon års erfaring i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/ Dine kvalifikasjonar: Mastergrad eller sivilingeniør med spesialisering i miljørelevante fag, hydrogeologi, marinbiologi eller liknande. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningsnivå. Meir enn 5 års relevant arbeidserfaring. Nyutdanna med relevant utdanning kan også søke. Erfaring med feltarbeid innan fagområda forureina grunn, vassovervaking, naturmangfald, miljøkartlegging i bygg, miljøoppfølging i anleggsprosjekt Erfaring og interesse for ulike verktøy innan GIS/AutoCAD/modellering/BREEAM Kunnskap om miljøforvaltninga God formuleringsevne både munnleg og skriftleg på norsk Interesse for anlegg- og byggeprosjekt Førarkort for bil Har praktisk sans Er fagleg ambisiøs med analytiske evner Dine arbeidsoppgåver kan vere: Inngå som ansvarleg rådgivande ingeniør miljø (RIM) i små og store oppdrag Miljøtekniske grunnundersøkingar, miljørisikovurderingar, tiltaksplanar for forureina grunn Risikovurderingar, miljøoppfølgingsplanar (MOP/YM-planar) for bygge- og anleggsprosjekt Søknadsarbeid og overvakingsplanar i høve tiltak i forureina grunn, sjø og vassdrag Kartlegging av naturmangfald, spesielt marinbiologi Miljøoppfølging på anleggsplass i utbyggingsprosjekt Feltarbeid med prøvetaking av jord/sediment/vatn/byggemateriale Bruk av feltutstyr som turbiditetsmålarar, ROV, Van Veen grabb, kjerneprøvetakar, CTD, XRF/miljøpistol etc. For oss er det viktig at du: Trivst med varierte arbeidsoppgåver Er strukturert og har god gjennomføringsevne Tek initiativ og likar nye utfordringar Trivst med feltarbeid Er både sjølvstendig og likar å jobbe i tverrfaglege team Bidreg til eit godt sosialt og fagleg miljø Hos oss får du: Gode løns- og tilsetjingsvilkår (bonus, forsikringer etc.) Fleksibel arbeidstid Store faglege utfordringar der du har moglegheit til å kunne utvikle deg vidare saman med dyktige medarbeidarar Godt arbeidsmiljø og eit godt sosialt miljø Miljøbevisst samfunnsplanlegging Deltaking i faglege nettverk i Skandinavia, fadderordning og kompetanseutviklingsplan Studieturar, ulike sosiale arrangement, idrettslag, bedriftshytter, m.m. Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd) Innsending av søknad: Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du ønskjer. I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 7 200 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT. Location Førde Application Deadline 2026-10-25 Contact person for this position Name: Lene Beate Furset Dingsøyr Phone: +47 99 50 38 51 Email: Lene.Beate.Furset.Dingsoyr@norconsult.com Norconsult is Norway’s largest and one of the Nordic region’s leading interdisciplinary consultancy firms, with activities spanning several continents. We offer services in regional planning, project design and architecture. We are engaged in all aspects of development, from initial concepts to master plans, engineering and operational support. Norconsult takes an active part in building society, and our interdisciplinary experience provides a solid foundation to participate in developing tomorrow's infrastructure. The company employs engineers, economists, social scientists, architects, landscape architects, environmental, information and communication technology professionals as well as experts in a broad range of specialty fields. The company's services are organized within the following areas: Buildings, Energy, Transport, Water, Environment, Industry, Oil and Gas, Architecture, Planning and Risk Management.
Pay
Not stated
Where
Førde, Norway
Work
Not stated
Type
Not stated
Posted
6 Oct, 2026
Apply on the original postingSign in to apply

Unverified board

more at Norconsult.

13 Oct, 2025

Norconsult

Job Fairs CV Bank

NONorconsult logo

    Krakow, Poland

    Salary not listed

    Details
    13 Jan, 2026

    Norconsult

    Asystent/ Asystentka Projektanta Konstrukcji Budowlanych

    NONorconsult logo

      Krakow, Poland

      Salary not listed

      Details
      23 Feb, 2026

      Norconsult

      Elverum - Region Innland

      NONorconsult logo

        Elverum, Norway

        Salary not listed

        Details

        similar roles.

        21 Oct, 2026

        Skechers

        Retail Key Holder

        SKSkechers logo

          $20/hr

          Store: 0423 Wesfield Sq Sherman Oaks +2

          Details
          22 Oct, 2026

          Skechers

          Supervisor de tienda/ Team Leader - Islazul

          SKSkechers logo

            Store: 1576 Islazul +2

            Salary not listed

            Details