Log inSign up free
  • Home
  • Profile
  • Jobs
    • Applications
    • Career
    • Resume
    • Cover letters
  • Content
    • Posts
    • Media
  • Messages
  • Analytics
    • Overview
    • Pages
    • Events
  • Portfolio
  • More tools
    • Hiring
  • Settings
All jobs
VIVisere logo

Visere

Førde, NO

Nettverksingeniør - Enivest AS.

Vil du arbeide med kritisk digital infrastruktur? Enivest er ein regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Vi har over 28 000 privatkundar og meir enn 2 000 linjer til bedrifter og offentlege verksemder. Vårt tilbod omfattar breiband via fiber, TV- og strøymetenester frå Telia og Altibox, samt telefoni- og WiFi-løysingar.

No søkjer vi ein nettverksingeniør som vil vere med og drifte og vidareutvikle nettverket vårt, og sikre kvalitet i ei infrastruktur som mange er avhengige av kvar dag.

Kva ventar deg som nettverksingeniør hos Enivest?

Som nettverksingeniør hos oss vil du jobbe med utvikling, planlegging og drift av tenester i eit moderne ISP-nett. Du vil arbeide med løysingar for internett og VPN-tenester, og bidra til å sikre stabilitet, kapasitet og kvalitet i infrastrukturen.

Arbeidet omfattar konfigurasjon, testing og driftsetting av nettverksutstyr i aksess-, distribusjons- og kjernenettet. Du vil òg delta i vaktordning og handtere overvaking av nettverket, feilsøking og handtering av hendingar knytt til drift.

I tillegg vil du ta del i prosjekt for kapasitetsutviding, modernisering og tryggleikstiltak i nettverket, og bidra med dokumentasjon og eventuelt automatisering av driftsoppgåver.

Stillinga inngår i avdelinga nettverk, og rapporterar til driftssjef.

Ønskjeleg erfaring

  • Erfaring med Cisco IOS / IOS-XR, routing, switching og MPLS-baserte nettverk
  • Erfaring med drift og sikkerheit i større nettverk (ISP/NOC/bedriftsnettverk)
  • God forståing av BGP, OSPF, Multicast, IPv6 og routing i operatørnett
  • Erfaring frå drift av nettverk i ISP-, telekom- eller operatørmiljø
  • Interesse for eller erfaring med å ta i bruk AI-baserte verktøy for feilsøking, analyse, dokumentasjon eller automatisering i nettverksdrift.
  • Høgare teknisk utdanning (ingeniør/sivilingeniør) – relevant erfaring kan kompensere

Det viktigaste er ikkje kva du har gjort tidlegare, men kven du er. Ikkje nøl med å søke sjølv om du ikkje treff på alle punkt, det gjer ikkje vi heller.


Bli ein del av Enivest

Hos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette, og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområder og avdelingar.

Vi tilbyr gode velferdsordningar og fleksible løysingar som gjer det lett å kombinere arbeid og kvardagsliv. Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivitet og bulyst i regionen, samt leggje til rette for lokal vekst og verdiskaping. 

I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptatt av å legge til rette for at våre tilsette skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.


Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no

Vi ser fram til å motta din søknad og CV.

Alle søknadar vert behandla fortløpande.

Om Enivest
Enivest er ein leiande regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Selskapet vart etablert i 2000 og har i dag over 28 000 privatkundar og 2 000 bedriftslinjer. Vi leverer breiband basert på fiber til privat- og offentleg sektor, i tillegg til TV- og strøymetenester frå Telia og telefoni- og WiFi-løysingar.

Enivest har om lag 60 tilsette, med hovudkontor i Førde og avdelingar i Etne, Tysnes, Florø, Sandane, Stryn og Sogndal. Les meir på www.enivest.no

Pay
Not stated
Where
Førde, NO
Work
Not stated
Type
Not stated
Posted
16 Nov, 2025
Apply on the original postingSign in to prepare an application

Verified board

more at Visere.

29 Nov, 2024

Visere

Ønsker du neste steg i karrieren din? Vi søker kompetanse innen IT.

VIVisere logo
  • Engineering

Location not stated

Salary not listed

Details
6 Mar, 2026

Visere

HAV Elektro AS - Ingeniør

VIVisere logo

    Bergen, NO +1

    Salary not listed

    Details
    18 Apr, 2026

    Visere

    Fag- og kvalitetsansvarleg - ECIT Services AS

    VIVisere logo

      Førde, NO

      Salary not listed

      Details

      similar roles.

      17 Oct, 2026

      corebridgefinancial.com

      Operations Processor II

      CCcorebridgefinancial.com logo

        TX-Amarillo

        Salary not listed

        Details
        17 Oct, 2026

        corebridgefinancial.com

        Proposal Writer, Business Case Development

        CCcorebridgefinancial.com logo

          TX-Houston

          Salary not listed

          Details
          16 Oct, 2026

          Mob Entertainment

          Senior Animator

          MEMob Entertainment logo
          • Senior level

          $111k–139k/yr

          United States

          Details
          16 Oct, 2026

          Concert Health

          PA Licensed Clinician - LCSW or LPC - Behavioral Health

          CHConcert Health logo
          • Remote

          $56.7k–90.8k/yr

          Pennsylvania +1

          Details
          16 Oct, 2026

          Cortica

          Pediatrician

          COCortica logo
          • Part time

          Irvine +2

          Part time

          Details
          16 Oct, 2026

          Cortica

          Pediatrician

          COCortica logo

            $192.1k–240.1k/yr

            Charlotte +2

            Details